For femte gongen er NAFKAM no utnemnt WHO samarbeidssenter av Verdas Helseorganisasjon (WHO). Fortsetjinga av samarbeidet betyr at NAFKAM er med på utviklinga av WHO sin globale strategi og forskingsagenda for tradisjonell, komplementær og integrativ medisin for perioden 2025-2034.
- Dette arbeidet vil ha mykje å seia dei neste åra, og NAFKAM sine forskingsaktivitetar kan halda fram med å bidra på eit globalt nivå, seier leiar av NAFKAM, Miek Jong.
Leiar for Institutt for samfunnsmedisin (ISM) ved UiT, Torkjel Sandanger, gratulerer alle ved NAFKAM og seier:
- Denne utnemninga er ei stor anerkjenning av kvaliteten på NAFKAM si forsking. Institutt for samfunnsmedisin er stolte av at me er vertskap for UiTs einaste WHO samarbeidssenter. Det er flott at NAFKAM har eit slikt høve til å påverka utviklinga av ein slik internasjonal forskingsagenda.
Allereie i gang med ny strategi på området
Barbara Wider, seniorrådgivar ved NAFKAM, er ein av 20 internasjonale ekspertar som nyleg vart inviterte til å revidera utkastet til denne strategien og gi innspel til innhaldet.
- Strategien vil støtte og rettleia medlemslanda i arbeidet med å identifisera potensialet til trygg og effektiv alternativ behandling, og korleis dei kan utnytta dette for å oppnå global helse og velvere. Eg ser på det som eit privilegium å få bidra her, seier ho.
Om WHO sine samarbeidssenter
WHO har meir enn 800 samarbeidssenter, i meir enn 80 land. Dei har 26 samarbeidssenter på feltet tradisjonell medisin, og NAFKAM er eitt av tre slike senter i Europa.
WHO sine samarbeidssenter er nasjonale institusjonar som blir utpeika av generaldirektøren for WHO. Desse inngår i eit internasjonalt samarbeidsnettverk som utfører aktivitetar til støtte for WHO sine mandat for internasjonalt helsearbeid og prioriteringane til programmet.
WHO har som mål å støtta medlemslanda i utviklinga av proaktiv politikk og gjennomføringa av handlingsplanar som vil styrkja den rolla tradisjonell medisin kan spele i å halda folk friske.
Utnemninga som samarbeidssenter varer i ein periode på fire år. NAFKAM vart utnemnt for første gong i 2008, og har fått fornya denne utnemninga kvart fjerde år etter det.